Gummikuler mot demonstrantar i Hongkong

Politiet i Hongkong har brukt tåregass, køller og skote med gummikuler mot demonstrantar som prøvde å ta seg inn i den lovgivande forsamlinga i byen.
utenriks

TV-bilde frå samanstøytane onsdag viser skyer av tåregass og demonstrantar som spring bort. Seinare onsdag kom det meldingar om at politiet òg har skote med gummikuler mot folkemengda.

Demonstrantane protesterer mot forslaget om ei ny lov som vil opne for å utlevere ettersøkte personar til det kinesiske rettsvesenet.

Hongkong er ein del av Kina, men har stor grad av sjølvstyre og eit eige rettsvesen.

Det var store demonstrasjonar også søndag, men samanstøytane utanfor bygninga til den lovgivande forsamlinga onsdag markerer eit høgare spenningsnivå mellom demonstrantane og styresmaktene.

(©NPK)