Forslag som skulle forhindre «no deal» stranda i Parlamentet

Det vart ikkje fleirtal for forslaget som skulle sikre at dei britiske folkevalde har makt til å blokkere forsøk på å ta Storbritannia ut av EU utan avtale.
utenriks

Labour fremma forslaget i Parlamentet av frykt for at ein framtidig konservativ partileiar og statsminister skulle gå inn for «no deal» – ein strategi opposisjonen meiner vil ramme britisk økonomi som ei sleggje.

Forslaget fall likevel med 298 mot 309 stemmer.

– Dette er eit skuffande, knapt nederlag. Men det er berre byrjinga, ikkje slutten på innsatsen vår for å hindre «no deal», seier Labours brexit-talsmann Keir Starmer.

Forslaget vart støtta av det skotske nasjonalistpartiet SNP, Liberaldemokratane og Dei grøne, men det var òg nødvendig med støtte frå ein del konservative representantar for at det skulle bli fleirtal.

Det går føre seg ein leiarstrid hos Det konservative partiet i Storbritannia etter at statsminister Theresa May nyleg gjekk av. Det gjorde ho etter at Parlamentet tre gonger hadde forkasta skilsmisseavtalen som regjeringa hennar har forhandla fram med EU.

Enkelte av dei ti som kjempar om leiarvervet og statsministerposten, blant dei favoritten Boris Johnson, har sagt at dei vil ta landet ut av EU 31. oktober, uavhengig om det finst ein skilsmisseavtale eller ikkje.

Mange økonomar har påpeika at ein brexit utan avtale vil føre til økonomiske forstyrringar og sende Storbritannia ut i ein resesjon. Men Johnson og andre brexit-forkjemparar har sagt at Det konservative partiet vil bli øydelagt av sinte veljarar viss brexit blir utsett igjen.

(©NPK)