Danmark stenger alle hydrogenstasjonar

Alle åtte hydrogenstasjonar i Danmark blir mellombels stengde etter eksplosjonen i Sandvika måndag, opplyser bransjetidsskriftet Ingeniøren.
utenriks

Energiselskapet OK, som inngår i Danish Hydrogen Fuel A/S, driv fire av stasjonane og stadfestar at dei blir stengde.

Det er hydrogenselskapet Nel som har levert teknologien bak tankstasjonen i Noreg, og som OK er ein del av i Danmark. Ifølgje Nel er teknologien i Danmark er ein annan enn i Noreg og derfor bør det ikkje vere fare for ein liknande eksplosjon ved danske stasjonar, seier Niels Ole Christensen til Ingeniøren.

Nel gjer det likevel for sikkerheits skyld og ber danske bilistar om å få tanken til å vare lengst mogleg, då det ikkje er klart når stasjonane vil opne igjen.

Alle ti stasjonar i Noreg er òg stengde etter ulykka i Sandvika.

(©NPK)