Danmark hentar barn av IS-krigarar i Syria

Barn med dansk bakgrunn er for første gong henta ut av flyktningleirar i Syria der tidlegare IS-krigarar og barna deira er innesperra.
utenriks

Dei to barna har både fransk og dansk bakgrunn og er del av ei gruppe på tolv barn. Dei tolv kom frå Syria til Frankrike for to dagar sidan, melder den danske rikskringkastaren Danmarks Radio.

– To foreldrelause franske barn, som også har dansk bakgrunn, har vorte evakuerte til Frankrike i nært samarbeid mellom franske og danske styresmakter, heiter det i ei skriftleg fråsegn frå det danske utanriksdepartementet.

Ifølgje det franske utanriksdepartementet er dei tolv evakuerte barn av IS-krigarar. Barna vart henta frå Syria måndag. Det eldste av dei er ti år gammalt.

Det er uklart om dei dansk-franske barna er fødde i Syria og kva for eit statsborgarskap dei har.

Tidlegare denne månaden henta Noreg heim fem barn som sat i al-Hol leiren i Syria. Dei fem er foreldrelause søsken og norske statsborgarar, påvist ved hjelp av DNA-testing, opplyste utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H). Mor til barna er ei etnisk norsk kvinne som har status som forsvunnen, medan den afrikanske faren blir antatt å vere drepen.

Førre månad kom dei sju barna til den svensk-norske IS-krigaren Michael Skråmo til Sverige.

(©NPK)