Ti soldatar drepne i Afghanistan

Ti regjeringssoldatar vart drepne i to angrep på militære stillingar i Zabul-provinsen i Afghanistan torsdag. Taliban stod etter alt å dømme bak.
utenriks

I angrepa i Shamulzayi-distriktet i det sørlege Afghanistan vart også fire soldatar lettare såra, ifølgje ein medlem av provinsrådet, Sur Mohammed Qiam.

Ein annan rådsmedlem seier at den afghanske hæren stort sett har trekt seg ut av stillingane sine i distriktet. Taliban har full kontroll over store delar av provinsen, medan regjeringa berre halvhjarta prøver å ta tilbake tapte stillingar.

Trass i forhandlingane om ei politisk løysing mellom USA og Taliban, angrip Taliban stadig både amerikanske og afghanske soldatar.

(©NPK)