Theresa May vil slå fast dato for når ho går av

Theresa May har gått med på å setja ein tidsplan for å gå av som statsminister etter at det britiske Parlamentet neste månad stemmer over brexitavtalen hennar.
utenriks

– Vi har vorte samde med henne om at ho og eg skal møtast etter den andre avstemminga for å bli einige om ein tidsplan for valet av ein ny leiar for dei konservative, sa partitoppen til toryane Graham Brady etter at medlemmer av den såkalla 1922-komiteen i det konservative partiet heldt eit møte med May.

Møtet med May vil skje uavhengig av om Mays brexitavtale blir vedtatt eller ikkje, ifølgje Brady.

May har allereie lova å gå av dersom ho kan sikre at brexitavtalen ho har forhandla fram med EU blir godkjent i Parlamentet.

(©NPK)