Marokko-rettssaka utsett endå ein gong

Rettssaka etter dobbeltdrapet i Marokko vart torsdag utsett til 30. mai, fortel VG.
utenriks

Torsdag møtte dei tiltalte i retten i Marokko.

24 menn er tiltalt for å vere involvert i drapa på norske Maren Ueland og danske Louisa Vesterager, som vart drepe 17. desember i fjor. Dei to turistane var på fottur til Nord-Afrikas høgaste fjell Jebel Toubkal i Marokko.

Fire av dei mistenkte er tiltalt for å gjennomføre eller medverke til sjølve drapa, og risikerer dødsstraff sjølv om Marokko ikkje har avretta nokon på 25 år.

Ein sveitsisk-spansk mann blir skulda for å ha trent dei opp. Dei 19 andre er tiltalt for å gitt tilslutning til ein terrororganisasjon.




(©NPK)