Palestinarane minnest katastrofen

Titusenvis av palestinarar markerte onsdag nakba-dagen til minne om katastrofen då over 700.000 av dei vart drive på flukt frå heimane sine i 1948.
utenriks

På Gazastripa kom det til demonstrasjonar fleire stader langs grensegjerdet mot Israel, der beredskapen var høg.

Minst 60 menneske vart såra då israelske soldatar skaut med skarp ammunisjon, gummikledde stålkuler og brukte tåregass og vasskanonar mot demonstrantane, opplyser sjukehuskjelder i Gaza by.

Under markeringa i fjor vart 58 palestinarar drepne og over 2.700 såra då israelske soldatar skaut med skarpt mot demonstrantar på Gazastripa.

Også på den okkuperte Vestbreidda var det demonstrasjonar onsdag. I Ramallah heldt demonstrantar opp gigantiske papirnøklar for å symbolisere kravet sitt om å få vende tilbake til heimane familiane vart fordriven frå.

Lagt aude

Nakba er det arabiske ordet for katastrofe og byrja då David Ben Gurion proklamerte skiping av staten Israel 14. mai 1948.

Dagen etter gjekk ein koalisjon av arabiske land til krig mot den nye staten, der jødiske militsgrupper var godt rusta.

I vekene og månadene som følgde, vart over 700.000 palestinarar drive på flukt og over 400 landsbyar lagt aude i området jødane gjorde krav på som stat, eit område som var langt større enn det FNs delingsplan la opp til.

Det israelarane feirar som frigjering, vart dermed tragedien til eit heilt folk.

Deir Yassin-massakren

Alt i månadene før Israel vart oppretta, hadde den etniske reinsinga starta. Massakren i landsbyen Deir Yassin 9. april 1948 vart ein avgjerande augneblink.

Over 100 innbyggjarar vart massakrerte av soldatane i Irgun, den jødiske militsen som vart leidd av Israels seinare statsministrar Menachem Begin og Yitzhak Shamir. Mange av offera fekk ifølgje Røde Kors hovudet skorne av, og panikken spreidde seg raskt til andre palestinske landsbyar.

Fleire landsbyar vart angripne, i nokre skjedde det nye massakrar, andre var forlate av livredde palestinarar som frykta å bli neste offer.

Draumen lever

Då krigen var over, var over 80 prosent av palestinarane i området som Israel gjorde krav på som eigen stat, drivne bort.

Over 5 millionar palestinarar lever i dag ifølgje FN på flukt, etterkommarar etter dei som flykta i 1948, og dessutan etter dei rundt 300.000 som vart drive på flukt då Israel i 1967 òg okkuperte Vestbreidda og Gazastripa.

FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA) har registrert drygt 2,1 millionar palestinske flyktningar i Jordan, 1,3 millionar på Gazastripa og nærare 800.000 på Vestbreidda.

Resten av dei lever spreidd i andre naboland og resten av verda og nektar å gi slepp på draumen om ein dag å kunne vende «heim», sjølv om dei aller fleste heimane og landsbyane for lengst er jamna med jorda.




(©NPK)