Norske styrkar innstiller ikkje verksemda i Irak

Tyske og nederlandske styrkar innstiller verksemda si i Irak på grunn av trusselnivået, og norske styrkar i landet har òg sett i verk tiltak.
utenriks

USA meiner at det finst konkrete truslar frå Iran-støtta militsgrupper mot vestlege mål i Irak og evakuerer no delar av personellet sitt frå ambassaden i Bagdad og konsulatet i Arbil.

Tyskland og Nederland opplyste onsdag at styrkane deira i Irak inntil vidare innstiller verksemda si.

– Den tyske hæren har innstilt treninga av irakiske soldatar, seier ein talsmann for forsvarsdepartementet i Berlin, Jens Flosdorff.

Tyskland har rundt 160 soldatar i Irak, 60 av dei i Taji rett nord for Bagdad og 100 i Arbil i Nord-Irak.

Nederland har drygt 50 soldatar i Arbil, men innstiller òg verksemda som følgje av «truslar», ifølgje nyheitsbyrået ANP.

Noreg har rundt 70 soldatar i Irak, der dei deltek i den USA-leidde koalisjonen mot IS og støttar irakiske regjeringsstyrkar. Soldatane er stasjonerte ved Ain al-Asad-flybasen i Anbar-provinsen.

– Dei norske styrkane vurderer kontinuerleg tryggingssituasjonen og trusselbildet og har dei siste dagane sett i verk enkelte tiltak, opplyser oberstløytnant Ivar Moen ved Forsvarets operative hovudkvarter til NTB.

Ifølgje Moen innstiller ikkje dei norske soldatane verksemda si i landet, men han beskriv aktivitetsnivået som lågt.

– Oppdraget er å støtte irakiske tryggingsstyrkar. Dei er no inne i ein roleg periode. Dei oppheld seg stort sett i leiren, seier Moen.

(©NPK)