Alabama vedtar tilnærma totalforbod mot abort

Dei folkevalde i delstaten Alabama har godkjent eit lov som forbyr abort. Lova er i strid med grunnlovsvernet i USA av retten til sjølvbestemt abort.
utenriks

Lovteksten samanliknar å ta abort med nokre av dei mest grufulle hendingane som er gjort av menneske, inkludert holocaust. Det einaste unntaket der det blir opna for å kunne utføre ein abort, er om livet til den gravide kvinna er i fare.

Den kontroversielle abortlova vart godkjent torsdag i Alabamas folkevalde forsamling, som blir kontrollert av Republikanarane. Lova må godkjennast av Alabamas republikanske guvernør Kay Ivey før ho trer i kraft.

Om lovendringa passerer, blir det den strengaste abortlova i USA. Ivey har ikkje lufta meininga si om lova enno.

Strafferamme på 99 år

Lova opnar ikkje for å straffeforfølgje kvinna som tar abort, berre personen som utfører aborten. Strafferamma er sett til mellom 10 og 99 års fengsel.

Senatet i Alabama stemte med 25 stemmer mot 6 for lovforslaget der det blir gjort straffbar å avslutte ein graviditet uansett årsak og uansett tidspunkt.

USAs største menneskerettsorganisasjon, ACLU, har lova å gå til søksmål for å hindre at lova trer i kraft.

– Lova straffar offer for valdtekt og incest ved ytterlegare å ta frå dei kontrollen over eigen kropp og å tvinge dei til å føde, seier ACLU.

Eit forslag om å gjere unntak dersom graviditeten kjem av incest eller valdtekt, vart nedstemt med 21 mot 11 stemmer i Alabama. Unntak blir heller ikkje gjort om den gravide er under seksuell lågalder eller av andre årsaker er uforskyldt gravid.

Vil utfordre Høgsterett

I 1973 konkluderte amerikansk høgsterett med at retten til sjølvbestemt abort har grunnlovsvern. Fleire konservative amerikanarar har lenge ønskt ei rettsavgjerd som fjernar grunnlovsvernet.

Høgsterett har i USA ei langt meir politisert rolle enn i andre land sidan svært mykje skal til for å endre grunnlova i landet. Tolkinga til dei ni dommarane av grunnlova er dermed ei svært sentral og ein evigvarande tolkingskamp mellom konservative og liberale verdiar.

Då Brett Kavanaugh vart utnemnd til ny høgsterettsdommar i oktober, fekk høgsterett overvekt av konservative dommarar, noko som mange fryktar kan true grunnlovsvernet til retten til sjølvbestemt abort i landet.

Stadig fleire innskrenkingar

Den siste tida har stadig fleire konservative delstatar vurderte eller innført anti-abortlover. Georgia, Ohio, Mississippi, Kentucky, Iowa og North Dakota innførte nyleg abort etter veke seks, men alle lover har vorte stoppa av ein dommar eller overlevert til domstolane.

I februar stansa høgsterett abortinnstrammingar i Louisiana som kunne ført til at dei fleste abortklinikkane i delstaten måtte stenge. Då stemte høgsterettsjustitiarius John Roberts, som blir rekna som nokså konservativ, saman med dei fire liberale dommarane mot forslaget.

Så langt i år har 28 av 50 statar vedtatt over 300 nye reglar som innskrenkar moglegheitene for abort, ifølgje tal frå Guttmacher-instituttet som jobbar for rettane til kvinner.


(©NPK)