Uvurderlege kunstverk redda frå Notre-Dame

Rundt 400 brannfolk jobba intenst for å redde bygninga og kulturskattar frå Notre-Dame måndag medan flammane herja. Mykje skal vere i sikkerheit.
utenriks

Den heilage tornekrona, visstnok den Jesus bar langfredag dagen han vart drepen, og eit heilagt klesplagg bore av kong Ludvig IX på 1200-talet skal vere mellom dei viktigaste relikviane som er redda.

På grunn av frykt for at bygningen skulle kollapse vart det avvist å bruke brannsløkkingsutstyr og vassbombe Notre-Dame måndag. I staden vart minst 18 høgtrykkslangar brukte til å få kontroll på flammane.

– Det spreidde seg ekstremt raskt over taket, seier viseborgarmeister i Paris, Emmanuel Gregoire til nyheitskanalen BFM.

Gammalt treverk

Fem timar etter at brannen braut ut hadde mannskapet kontroll, men ville arbeide natta gjennom med å kjøle ned konstruksjonen.

Reisverk i tre i takkonstruksjonen datert tilbake til 1100-talet får skulda for at brannen tente så lett. Dei første som kom til staden forsikrar om at dei henta ut så mykje av kunst og skattar inne i kyrkja som mogleg, kor mykje og kva er førebels ikkje kjent.

Brannsjefen i Paris sa tidlegare på kvelden at brannmannskapet hadde klart å sikre baksida av Notre-Dame-katedralen, der mesteparten av dei dyrebare verka ligg.

Viktig monument

Ein av prestane i katedralen uttalte til den franske journalisten Nicolas Delesalle at alle kunstverka i katedralen var redda, ifølgje journalisten på Twitter. Opplysningane er ikkje bekrefta av franske styresmakter.

– Gode nyheiter: Alle kunstverka er redda. Skattane til katedralen er intakte, det er òg tornekronen og dei heilage sakramenta, skriv Delesalle og siterer ein prest ved namn Frederic, som har vore ved katedralen i to år.

Katedralen er eitt av dei viktigaste monumenta til gotikken, og er blant Europas mest kjente og besøkte turistattraksjonar.

(©NPK)