Luksusmilliardær gir 100 millionar euro til Notre-Dame

Den franske milliardæren François-Henri Pinault donerer 100 millionar euro til gjenoppbygging av den brannskadde kyrkja Notre-Dame i Paris.
utenriks

Summen svarer til 960 millionar kroner i dagens kronekurs. François-Henri Pinault hentar pengane frå investeringsselskapet til familien Artemis og seier alt skal gå til å byggje opp att den ikoniske bygningen og interiøret.

– Stilt overfor ei slik tragedie ønsker alle å gi denne juvelen i arven vår livet tilbake så snart som mogleg, skriv Pinault i ei pressemelding.

Han er konsernsjef og styreleiar i luksusvareselskapet Kering, og dessutan eigar av merkevarer som Gucci, Saint Laurent og Balenciaga.

President Emmanuel Macron vil tysdag lansere eit internasjonalt fond for gjenoppbygging av Notre-Dame.

(©NPK)