Cyberangrep mot Ecuador etter Assange-arrestasjon

Ecuador hevdar seg utsett for 40 millionar cyberangrep mot offentlege nettsider i kjølvatnet av WikiLeaks-grunnleggjar Julian Assanges arrestasjon.
utenriks

Ecuadors viseminister for informasjon og kommunikasjon, Patricio Real, seier offentlege institusjonar har fått gjennomgå etter at landet tok frå Assange politisk vern i førre veke.

Meir spesifikt skal det dreie seg om «volumetniske angrep» som blokkerer tilgangen brukarar har til internett, følgd av truslar frå grupper med tilknyting til Julian Assange, ifølgje ecuadorianske styresmakter.

Det skal ha gått verst utover utanriksdepartementet, sentralbanken i landet, kontoret til presidenten og skatteetaten, og dessutan ei rekke departement og universitet. Det er likevel ikkje rapportert inn tjuveri av data eller at nokon har fått material sletta.

Real seier det byrja allereie torsdag, då Assange vart arrestert, og at angrepa primært kjem frå USA, Brasil, Nederland, Tyskland, Romania, Frankrike, Austerrike og Storbritannia – i tillegg frå Ecuador.

Assange vart arrestert inne på Ecuadors ambassade i London torsdag og henta ut etter at presidenten i landet Lenín Moreno trekte tilbake vernet han var innvilga. Assange hadde halde til sju år i bygningen.

(©NPK)