Brannen i Notre-Dame er heilt sløkt

Brannen i Notre-Dame-katedralen i Paris er fullstendig sløkt, opplyser brannvesenet i den franske hovudstaden.
utenriks

Talsperson Gabriel Plus seier ved 10-tida tysdag formiddag at nødetatane no arbeider med å «undersøke bevegelsene i strukturen og etterslukking».

– No som brannen er over er det ekspertane sin tur til å planleggje korleis dei skal konsolidere byggverket, legg han til.

Brannen braut ut ved 18.50-tida måndag kveld.

(©NPK)