WHO: Talet på meslingtilfelle tredobla

Talet på meslingtilfelle steig på verdsbasis med 300 prosent dei tre første månadene i 2019 samanlikna med same perioden i fjor, ifølgje WHO.
utenriks

Ifølgje nye tal frå Verdshelseorganisasjonen (WHO) var det tre gonger så mange som vart smitta av meslingar dei første tre månadene i 2019 som i dei tre første månadene i 2018.

– Sjølv om dette er førebelse og ufullstendige tal, viser dette ein tydeleg trend. Mange land står midt i store meslingutbrot, og i alle regionar i verda aukar talet på meslingtilfelle, heiter det i ei fråsegn frå organisasjonen.

Hittil i år har 170 land rapportert om til saman 112.163 tilfelle av sjukdommen til WHO. På same tid i fjor var det rapportert om 28.124 meslingtilfelle.

Obligatorisk vaksinasjon

Ifølgje WHO vil det faktiske talet sjukdomstilfelle alltid vere høgare enn tala som er rapporterte inn. Det betyr at det er rimeleg å gå ut frå at dei første tala for 2019 er for låge.

Den meste dramatiske veksten har vore i Afrika, der vaksinedekninga er lågare enn i resten av verda. Der har det vore ei sjudobling i førekomsten av meslingar.

Samtidig har det òg vore store hopp også andre stader i verda. Dei siste vekene har det mellom anna vore meslingutbrot i ein jødisk-ortodoks bydel i Brooklyn i New York. Ein del av dei som bur i dette området, har nekta å la seg vaksinere av religiøse årsaker.

Til saman er det registrert 285 tilfelle av meslingar i New York sidan oktober, og førre veke innførte ordføraren i New York, Bill de Blasio, obligatorisk vaksinasjon.

Krev høg vaksinasjonsgrad

Meslingar er ein svært smittsam virussjukdom som gir utslett med feber og kan vere alvorleg.

Viruset spreier seg gjennom dropesmitte og kan potensielt vere dødeleg for underernærte barn, barn som har svekt helsetilstand, og spedbarn som er for unge til å bli vaksinerte. Dersom ein blir smitta, finst det inga spesifikk behandling.

Minst 95 prosent av befolkninga bør ha tatt vaksinen for å oppnå såkalla flokkimmunitet, noko som gjer at den vesle delen som på medisinsk grunnlag ikkje kan ta vaksinen, blir skjerma for smitten.

(©NPK)