Trump: – Boeing bør finne eit nytt namn

Etter at totalt 346 menneske har mista livet i to flystyrtar, gir USAs president Donald Trump flyselskapet Boeing marknadsføringsråd på Twitter.
utenriks

– Kva veit eg om marknadsføring, kanskje ingenting (men eg vart president!), men viss eg var Boeing, ville eg ha FIKSA Boeing 737 MAX, putta på nokre gode funksjonar, & døypt om heile flyet med eit nytt merkenamn, skriv president Trump på Twitter.

– Ingen produkt har måtta lide som dette. Men igjen, kva i heitaste veit eg? held han fram.

Luftfartsstyresmakter verda over har sett 737 MAX-flya til den amerikanske flyprodusenten Boeing på bakken av etter flyulykka med ei 737 MAX 8-maskin i Etiopia i mars. 157 menneske omkom i ulykka.

I oktober i fjor mista 189 menneske livet då eit fly av same typen styrta i Indonesia.

Den 12. april uttalte selskapet at dei har gjort 96 testar av ei programvareoppdatering i 737 MAX-modellane, og at dei skal gjere fleire testar dei neste vekene. Ein feil i den såkalla MCAS-programvara kan ha vore ei medverkande årsak til at flya styrta.

(©NPK)