Mueller-rapporten blir lagd fram torsdag

Ifølgje det amerikanske justisdepartementet blir venteleg Mueller-rapporten lagd fram torsdag.
utenriks

Ein redigert versjon av den nesten 400 sider lange rapporten til spesialagent Robert Mueller blir offentleggjord torsdag, opplyser det amerikanske justisdepartementet.

Førebels er berre eit fire sider langt samandrag skrive av justisminister William Barr, offentleggjord og overlevert til Kongressen. Barr har tidlegare lova å gi Kongressen ei sladda utgåve av rapporten innan midten av april.

I samandraget skreiv Barr at Mueller ikkje har funne bevis på at valkampstaben til Trump har samarbeidd med Russland for å påverke valet i 2016. Når det gjeld forsøk på å hindre rettsgangen, skreiv han at Mueller verken dømte eller frikjente presidenten.


(©NPK)