Brann i Notre-Dame-katedralen i Paris

Det brenn i Notre-Dame-katedralen i Paris, fortel franske medium. Bilde frå Paris viser kraftig røykutvikling og flammar frå taket.
utenriks

Ifølgje nettstaden CNEWS blir det drive reparasjonsarbeid på delar av katedralen, men det er uvisst om brannen har noko med desse restaureringsarbeida å gjere.

Bilde i franske medium og på sosiale medium viser flammar og kraftig røyk som stig opp frå taket midtskips på den vidgjetne kyrkjebygningen.

(©NPK)