SOHR: 370.000 drepne i Syria-krigen

Over 370.000 personar er drepne, blant dei 112.000 sivile, etter åtte år med krig i Syria, ifølgje tal frå eksilgruppa SOHR.
utenriks

Over 21.000 barn og 13.000 kvinner er blant dei drepne, ifølgje britiskbaserte Syrian Observatory for Human Rights (SOHR), som får informasjonen sin frå eit nettverk av kjelder inne i Syria.

Konflikten vart utløyst av demonstrasjonar mot president Bashar al-Assads regime i byen Daraa 15. mars 2011. Sidan spreidde demonstrasjonar seg landet rundt. Styresmaktene slo hardt ned på dei, noko som utløyste væpna konflikt der ei rekke opprørsgrupper har kjempa både mot kvarandre og mot Assads regime.

(©NPK)