Politiet åtvarar mot video frå moské-skyting

Newzealandsk politi åtvarar mot å dele ein video som ein av gjerningspersonane har filma under moské-drapa i Christchurch.
utenriks

– Politiet er klar over at det sirkulerer ein svært fæl video i samband med hendinga i Christchurch, skriv newzealandsk politi på Twitter.

– Vi oppfordrar på det sterkaste til at videolenkja ikkje blir delt. Vi jobbar med å få fjerna alle opptak, uttaler politiet vidare.

Videoen viser ein glattbarbert kvit, korthåra mann som køyrer til ein moske der han byrjar å skyte idet han går inn i bygningen. AFP har analysert videoen som vart direktesendt på Facebook Live og konkludert med at han er ekte. Videoen er likevel ikkje verifisert av politi eller andre.

Bilde av same type våpen som kan sjåast på videoen, og dessutan namnet og teikneserie-profilbildet til vedkommande, var òg synleg på ein Twitter-konto. Der var det lagt ut det som skal vere eit lengre manifest frå ein person som gir seg ut for å vere gjerningsmannen.

Facebook-kontoen der videoen vart publisert var kort tid etter skytinga ikkje lenger tilgjengeleg. Twitter-kontoen med same namn vart raskt suspendert.

(©NPK)