Muslimske leiarar i harnisk etter moskeangrep på New Zealand

Muslimske politiske leiarar uttrykker sinne og sorg etter at 49 menneske vart drepne då to moskear i Christchurch på New Zealand vart angripne.
utenriks

Fleire peikar på gryande islamofobi som årsaka til angrepet, skriv Reuters.

Australias regjering omtaler ein av dei som er arrestert for angrepet, som ein «høgreekstrem terrorist». Mannen er australsk statsborgar.

– Eg legg skulda på auken i terrorangrep på islamofobi etter 11. september-angrepa der islam og 1,3 milliardar muslimar har fått kollektiv skuld for alle terrorhandlingar utført av ein muslim, skriv Pakistans statsminister Imran Khan på Twitter.

Cavusoglu gir media og politikarar skulda

Talsmannen for Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan fordømmer det han kallar eit «rasistisk og fascistisk» angrep.

– Dette angrepet viser kor langt fiendskapen mot islam og fiendskapen mot muslimar har nådd, skriv han på Twitter.

Utanriksministeren i landet, Mevlüt Çavusoglu, går endå lenger og seier politikarar og media må ta delen sin av ansvaret.

– Ikkje berre gjerningsmennene, men òg politikarar og medium som nører oppunder islamofobien og hatet i Vesten, er like ansvarlege for dette avskyelege angrepet, skriv han på Twitter.

Seks indonesiarar ramma

Også Indonesia, der befolkninga er 87 prosent muslimsk, fordømmer angrepet.

– Indonesia fordømmer denne handlinga, spesielt fordi den skjedde på ein stad for andakt medan fredagsbønna gjekk føre seg, seier utanriksminister Retno Marsudi i ei fråsegn sitert av Arab News.

Ho har tidlegare sagt at seks indonesiarar var inne i ein av moskeane då skytinga starta. Tre av desse skal ha klart å rømme, medan dei tre andre ikkje er gjort greie for.

Malaysia og Afghanistan

Anwar Ibrahim, som leier det største partiet i Malaysias regjering, seier i ei fråsegn at han er «djupt såra av denne ville handlinga, som går mot humanistiske verdiar og tok livet av sivile». Éin person frå Malaysia vart skadd i angrepet.

Wahidullah Waissi, som er Afghanistans ambassadør til Australia, New Zealand og Fiji, seier på Twitter at ein heil familie med afghansk opphav vart drepne i angrepet. I tillegg er tre afghanarar såra.

– Tankane mine går til familien med afghansk opphav som har vorte skotne og drepne i denne motbydelege hendinga, skriv han.



(©NPK)