49 drepne på New Zealand, éin mann drapssikta

Til saman 49 menneske er drepne i angrepa på dei to moskeane på New Zealand. Førebels er éin mann i 20-åra sikta for drap.
utenriks

– Éin person, ein mann i slutten av 20-åra, er sikta for drap, og skal framstillast for retten i Christchurch laurdag morgon, seier politisjef Mike Bush.

41 vart drepne i Noor-moskeen, medan 7 vart drepne i Linwood-moskeen i Christchurch, opplyser politisjef Mike Bush på ein pressekonferanse.

Det er uklart kvar det siste offeret vart drepe.

Det er uklart kor mange som skal ha vore involvert i angrepa, men politiet jaktar ikkje aktivt på fleire gjerningspersonar. Fire vart først arresterte, éin av dei er sjekka ut av saka, og statusen for to andre er uklar.

To heimelaga bombar vart fredag funne og uskadeleggjort av militærpolitiet i Christchurch.