Tolv personar skadde i trikkekollisjon utanfor Paris

Franske jernbanestyresmakter undersøkjer ein uvanleg trikkekollisjon utanfor Paris. Tolv personar vart skadde i kollisjonen måndag kveld, éin av dei alvorleg.
utenriks

Kollisjonen skjedde i forstaden Issy-les-Moulineaux, sørvest for Paris. Ifølgje brannvesenet er éin person alvorleg skadd, mens dei elleve andre kom unna hendinga med mindre skadar. Ni personar er frakta til sjukehus.

– To trikkevogner kolliderte, begge med passasjerar om bord, seier ein talsperson for jernbaneoperatøren i Paris, RATP.

Den fremste vogna skal ha stoppa slik at vogna bak krasja inn i ho. Dette skal ha ført til avsporing av den fremste vogna.

Ulykka førte til full stopp i trafikken gjennom natta, og buss er sett inn for trikk dei neste dagane i samband med reparasjonsarbeidet.

Ulykker skjer sjeldan på desse trikkelinjene, som opna for to tiår sidan. Ifølgje direktør for RATP, Catherine Guillouard, er ei intern gransking igangsett for å undersøkje årsaka.

(©NPK)