Stoltenberg: GPS-jamming er farleg og uansvarleg

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg meiner den russiske forstyrringa av GPS-signal i nord er farleg og uansvarleg.
utenriks

GPS-forstyrringane utset både sivil luftfart og redningsoperasjonar for fare, påpeikar Stoltenberg.

Han seier Nato fleire gonger har teke opp spørsmål om luftfartssikkerheit med Russland, også på grunn av hendingar over Austersjøen.

– Forstyrring av GPS-signal er farleg og uansvarleg, seier han.

Noreg og Finland har begge skulda Russland for jamming av GPS-signal i nord, spesielt mens NATO-øvinga Trident Juncture gjekk føre seg i Noreg i fjor. Russland har avvist skuldingane som absurde.

(©NPK)