To døydde i tunnel under grensa mellom Gaza og Egypt

To palestinarar har mista livet i ein tunnel under grensa mellom Gazastripa og Egypt, visstnok etter at egyptiske tryggingsstyrkar pumpa inn giftig gass.
utenriks

Dei to, den 39 år gamle politimannen Raid al-Ekar og 28 år gamle Sabhy Abu Qarushayn, vart tilkalla av tre andre menn som dreiv utbetring av tunnelen, og som hevda at egyptisk politi pumpa inn giftig gass.

Dei tre vart redda, men Ekar og Qarushayn døydde kort tid etter av gassen dei hadde pusta inn, opplyser ein talsmann for det Hamas-kontrollerte innanriksdepartementet på Gazastripa, Iyad al-Bozum.

Det er ikkje kjent kva gass som vart pumpa inn i tunnelen, og egyptiske styresmakter har ikkje kommentert hendinga.

Gazastripa har vore gjenstand for israelsk blokade sidan Hamas vann valet i dei palestinske områda i 2006, og tunnelane under grensa til Egypt var lenge ein viktig livsnerve for 2 millionar palestinarar som bur i enklaven.

Mange av tunnelane vart øydelagde av Egypt etter at hærsjef Abdel Fattah al-Sisi greip makta i eit militærkupp i 2013 og styrta den demokratisk valde presidenten, Mohamed Mursi frå Det muslimske brorskapet, ein alliert av Hamas.

Israel har også bomba ei rekke tunnelar og hevdar at Hamas nyttar dei til å smugle våpen.

Egypt har no opna for noko ordinær import over grensa og tunnelane blir i dag først og fremst nytta til smugling av sigarettar.

(©NPK)