Militærhelikopter styrta i Istanbul

Alle dei fire som var om bord, omkom då eit militærhelikopter styrta i Istanbul. Helikopteret prøvde å nødlande då det krasja i bakken.
utenriks

Ulykka skjedde måndag i bydelen Cekmekoy i den asiatiske delen av Istanbul. Det er førebels ikkje kjent kvifor helikopterpiloten prøvde å nødlande eller kva som var årsaka til at maskina styrta.

Tyrkiske medium melde først at dei fire som var om bord, var skadde og sendt til sjukehus. Kort tid etter opplyste styresmaktene at dei var omkomne.

(©NPK)