Førar av verditransportbil forsvann med 1 million euro i kontantar

Føraren av ein verditransportbil er sporlaust forsvunnen i Frankrike. Truleg har han teke med seg over 1 million euro i kontantar, ifølgje politikjelder.
utenriks

Sjåføren, ein 28 år gammal mann, stoppa køyretøyet utanfor eitt av lokala til Western Union i byen Aubervilliers nord for Paris klokka 6 måndag morgon.

Dei to kollegaene hans gjekk inn i lokalet, mens han vart igjen i bilen.

– Då dei kom ut igjen var både varebilen og sjåføren borte, seier ei politikjelde.

Varebilen vart funnen kort tid etter nokre kvartal unna. Dørene stod på vidt gap, men både sjåføren og bagar med 1,13 millionar euro var borte. Det svarer til over 11 millionar kroner.

Dei tre er tilsette i verditransportselskapet Loomis, som førebels ikkje har kommentert hendinga.

Ei liknande hending skjedde i 2009, då Loomis-tilsette Toni Musulin flykta i varebilen han køyrde. Han fekk med seg minst 11,5 millionar euro i kontantar, som var henta frå Banque de France i Lyon. Han var på rømmen i litt over ei veke før han vart arrestert.

(©NPK)