USA: Tilbaketrekninga frå Syria er i gang

Den USA-leia militærkoalisjonen i Syria har no byrja hente ut militærutstyr frå landet, men ingen soldatar blir trekte ut enno, ifølgje ei forsvarskjelde.
utenriks

Ingen amerikanske soldatar er trekte ut frå Syria så langt, men noko militærutstyr har vorte sendt ut av landet, opplyser ein tenestemann i det amerikanske forsvaret.

Vedkommande snakkar med vilkår om at han får vere anonym fordi det dreier seg om detaljar som enno ikkje er offentleggjort. Kjelda fortel ikkje detaljar eller tal, men han seier at amerikanske soldatar er sende inn i Syria for å hjelpe til med å hente ut utstyret. Dette omfattar styrkar som skal vareta tryggleiken, opplyser vedkommande.

Tidlegare fredag sa ein amerikansk talsmann at uttrekkinga av soldatar har starta. Han sa ikkje noko om tidsramme eller omfang av tilbaketrekkinga, men ifølgje den britiskbaserte eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) forlét nokre amerikanske styrkar dagen før flybasen Rmeilan i provinsen Hasakah nordaust i Syria.

19. desember vart det kjent at Donald Trump ville hente heim 2.000 soldatar frå Syria. Sidan har Det kvite hus sett fleire vilkår for tilbaketrekking, mellom anna at IS blir nedkjempa og at Tyrkia garanterer for tryggleiken til dei kurdiske allierte på bakken i Nord-Syria.

– CJTF-OIR har byrja prosessen med ei gjennomtenkt tilbaketrekning frå Syria, seier talsmannen til koalisjonen Sean Ryan til nyheitsbyrået AFP fredag.

CJTF-OIR er forkortinga for den USA-leia koalisjonen mot IS som òg Noreg er ein del av.

Avgjerda i desember skal ha komme svært overraskande på USAs næraste allierte og dei mange landa i den USA-leia koalisjonen mot den ytterleggåande islamistgruppa IS. Trumps avgjerd, som vart kunngjort etter ein telefonsamtale med Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan, vakte òg kritikk frå dei som støttar presidenten.

(©NPK)