Stormen Jan feiar over Sverige

Stormen Jan feia inn over Sverige natt til fredag, og på det meste er det målt vindhastigheit på 49,7 meter i sekundet.
utenriks

Det vart målt i Stekenjokk i Jämtland. Vindane kan ha vore sterkare etter dette, men vêrstasjonen vart øydelagt, opplyser Aftonbladet.

Mest stormutsett er fjellområda i Jämtland og Västerbotten. Ifølgje Sveriges meteorologiska och hydrologiska institut (SMHI) vil vindstyrkane i gjennomsnitt liggje på minst 25 meter i sekundet. Her er det òg stor snøskredfare.

Innbyggjarane mellom anna i Västerbotten fylke, som ligg på linje med Helgeland i Nordland, er bedne om å førebu seg på straumbrot. Beredskapstenesta lèt seg likevel ikkje vippe av pinnen av stormen.

– Akkurat no sit vi ganske stille i båten. Det ligg sikkert nokre tre over vegen, men folk her oppe la inn motorsager bak i bilane sine allereie onsdag, seier redningssjef Lasse Rydstedt.

Fleire fjellovergangar og toglinjer er stengde, og i Åre i Jämtland blir evakuert personar som er avhengige av helseomsorg.

Vinden er venta å spakne mot kvelden fredag.

(©NPK)