Den største flyplassen i Tyskland kan bli ramma av storstreik

Ei tysk fagforeining oppfordrar alt tryggingspersonell på flyplassen i Frankfurt til å gå ut i ein seks timar lang proteststreik tysdag.
utenriks

Mellom klokka 14 og 20 tysdag ettermiddag og kveld, risikerer flyplassen i Frankfurt, den største flyplassen i Tysklands, å stå heilt utan tryggingspersonell.

Fagforeininga Verdi vil ikkje sjå bort frå at andre flyplassar vil bli påverka av proteststreiken, som gjeld usemje om lønn. Verdi krev på vegner av medlemmene sine ein lønnsauke frå 17 til 20 euro i timen.

Tidlegare denne veka vart hundrevis av flyavgangar kansellerte etter ein storstreik på flyplassane i Düsseldorf, Köln-Bonn, Stuttgart, og dessutan Berlins to flyplassar. Over 110.000 passasjerar var nøydde til å endre planane sine som følgje av streiken.

23.000 tilsette ventar på eit akseptabelt lønnstilbod frå arbeidsgivarane, og den neste runden med lønnsforhandlingar er venta å skje 23. januar.

(©NPK)