DB Cargo suspenderer ein tilsett etter Storebælt-ulykka

Ein tilsett i DB Cargo er suspendert. Personen skal ha stått for sikkerheita på godstoget som var involvert i dødsulykka på Storebælt, ifølgje Berlingske.
utenriks

DB Cargo meiner den tilsette har sletta avgjerande opplysningar på ei liste over vogner og gods. Det er uklart kvifor DB Cargo meiner at misferda er så alvorleg at den tilsette blir suspendert.

Ulykka på Storebælt skjedde 2. januar. Den danske havarikommisjonen meiner ein tom lastebiltilhengar bles av eit godstog og trefte det møtande passasjertoget på Storebæltsbroen. Alle åtte som omkom, oppheldt seg i den første vogna. I tillegg til dei åtte som omkom, vart 16 personar skadde.

(©NPK)