Handgranat vart kasta inn på pub i Göteborg

Politiet seier at ein gjenstand som truleg var ein handgranat, vart kasta inn på ein pub sentralt i Göteborg fredag morgon. Ingen vart skadde.
utenriks

Politiet fekk ved 7.30-tida fredag morgon inn meldingar om knust glas og eit høgt smell frå puben Flying Scotsman i Storgatan i Göteborg.

– Det har vore ein eksplosjon, truleg på innsida av restauranten Flying Scotsman på Storgatan. I samband med det vart to yngre, svartkledde og maskerte personar observert springande frå staden i retning Heden, sa Thomas Fuxborg, pressetalsperson for politiet i Region Väst, til Aftonbladet.

– Vitne har opplyst at dei først høyrde glas knuse og seinare høyrde ein eksplosjon, så truleg vart noko kasta inn i restauranten, sa Fuxborg.

Politiets bombegruppe rykte seinare ut til puben for å undersøkje gjenstanden. Ei leilegheit i nærleiken vart mellombels evakuert.

Til TT opplyser politiet at det truleg var ein handgranat som vart kasta inn i puben. Dei slår vidare fast at ingen vart skadde.

Hendinga blir etterforska som allmennfarleg øydelegging. Det var ikkje noko kjent trusselbilde mot puben som vart ramma.

Dei to som vart observert springande frå staden, var ved 12-tida fredag enno ikkje arresterte.

(©NPK)