Annegret Kramp-Karrenbauer tek over som leiar for Merkels parti

Generalsekretær Annegret Kramp-Karrenbauer i CDU tek over som leiar for partiet etter Angela Merkel.
utenriks

Før landsmøtet var det Kramp-Karrenbauer som fekk favorittstempelet. Ho blir rekna som sentrumsorientert, men hakket meir konservativ enn Merkel, med ein strengare tone i innvandringsdebatten og ein meir uttalt motstand mot likekjønna ekteskap.

Ho er ein av den næraste allierte til den førre partileiaren, og blir i Tyskland ofte kalla for «Mini-Merkel».

Statsminister Angela Merkel heldt tidlegare fredag den siste talen sin som leiar for kristenkonservative CDU. I talen åtvara ho mellom anna om nasjonalisme, handelskrigar og forvitring av vestlege verdiar.

I forkant av valet har det vore stor splitting i partiet, og fleire store skikkelsar i CDU uttrykte før valet at dei helst ville at Friedrich Merz skulle bli den nye leiaren. Merz er sett på som å liggje langt unna Merkel, med ein meir høgreorientert profil.

Forretningsadvokaten trekte seg ut av politikken for 15 år sidan etter å ha lide nederlag i ein bitter maktkamp mot Merkel.


(©NPK)