IMF-sjefen ser ingen teikn til resesjon på kort sikt

Sjefen i Det internasjonale pengefondet, Christine Lagarde, fryktar ikkje at den amerikanske økonomien vil gå inn i ein resesjon, trass børsuro den siste tida.
utenriks

– Trass i noko uvisse i marknaden er det ikkje sannsynleg at vi vil oppleve ein resesjon i den amerikanske økonomien i nær framtid, sa sjefen i Det internasjonale pengefondet (IMF), Christine Lagarde, i ein kommentar til kanalen CNBC torsdag.

Lagarde fortalde at det blir stilt spørsmål med vekstprospekta i den amerikanske økonomien, men at mange av bekymringane er «litt i overkant». Men sjølv om Lagarde meiner at elementa for ein resesjon førebels ikkje er til stades, påpeika ho at sentralbanken i USA truleg må minske aktiviteten.

– Eg forventar at dei sakkar ned tempoet i renteaukane, sa Lagarde.

På spørsmål om effektane av handelskrigen mellom Kina og USA, svarte Lagarde at økonomien i dei to landa vil bli «minimalt» ramma dersom dei avsluttar konflikten no.

(©NPK)