Eriksen Søreide møtte Russlands utanriksminister

Noregs utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) møtte den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov i Milano.
utenriks

Samtalen mellom dei to skjedde under OSSEs utanriksministermøte i Milano i Italia torsdag. På dagsorden stod mellom anna situasjonen i Ukraina, Sør-Ossetia, Transdnjestr, Nagarno-Karabach, og dessutan dialogen med middelhavslanda om tema som terrorisme og migrasjon.

– Eg hadde eit godt møte med utanriksminister Lavrov. Vi snakka om det bilaterale tilhøvet og diskuterte utanrikspolitiske og tryggingspolitiske spørsmål som den tilspissa situasjonen i Azovhavet og INF-avtalen, seier Eriksen Søreide.

Ho inviterte òg den russiske motparten sin til det kommande 75-årsjubileet for frigjeringa av Aust-Finnmark, som skal markerast i Kirkenes 25. oktober neste år.

Mange hadde oppfordra norske styresmakter til å invitere Russlands president Vladimir Putin til det kommande jubileet, men i slutten av oktober opplyste Utanriksdepartementet til Aftenposten at det vart Lavrov i staden.

(©NPK)