Russland: 270.000 flyktningar har returnert til Syria

Dei siste månadene har 270.000 syriske flyktningar returnert til heimlandet, ifølgje det russiske militæret.
utenriks

Moskva og regjeringa i Damaskus har oppmuntra syriske flyktningar til å returnere til heimlandet, og argumenterer med at krigshandlingane har roa seg.

Mikhail Mizintsev i det russiske forsvarsdepartementet seier at nesten 6.000 menneske returnerte til Syria i førre veke åleine, ifølgje data Russland har innhenta.

Vestlege regjeringar har likevel uttalt at det er for tidleg å oppmuntre flyktningane til å reise tilbake, i frykt for at dei kan bli utsette for forfølging når dei kjem tilbake til regjeringskontrollerte område utan at ei politisk løysing er på plass i Syria.

(©NPK)