Sri Lankas president har oppløyst nasjonalforsamlinga

Sri Lankas president har oppløyst nasjonalforsamlinga og vil halde nyval i januar, opplyser ein minister til AFP.
utenriks

Avgjerda til presidenten tredde i kraft ved midnatt fredag etter at landet vart kasta ut i ei politisk krise i okotober.

President Maithripala Sirisena gav for to veker sidan statsminister Ranil Wickremesinghe sparken og erstatta han med ekspresident Mahinda Rajapakse. Men Wickremesinghe har nekta å gå av ettersom han framleist har fleirtalet i nasjonalforsamlinga bak seg.

Fredag måtte Sirisenas parti erkjenne at det ikke hadde nok stemmer blant dei folkevalgde til å få Rajapakse godkjent som ny statsminister. Få timar seinare meldte srilankiske medium at Sirisena hadde oppløyst nasjonalforsamlinga.

Nyval skal haldast 5. januar. Normalt skulle valet ha vore halde i 2020.

(©NPK)