USAs sentralbank held renta uendra

Den amerikanske sentralbanken held rentenivået uendra, men varslar ein gradvis auke.
utenriks

I ei kort kunngjering etter rentemøtet torsdag heiter det at rentenivået vil spegle dei solide tala for amerikansk økonomi.

Rentenivået blir halde mellom 2 og 2,25 prosent, men det er venta at styremøtet i desember vil sette den opp eit hakk.

Sentralbanken beskriv USAs økonomi som robust, med ein sunn vekst i talet på arbeidsplassar, låg arbeidsløyse, solid forbruk blant vanlege amerikanarar og ein inflasjon som ligg tett på målet på 2 prosent.

Trass i handelskrigen som rår mellom USA og fleire viktige handelspartnarar, svakare investeringstakt i næringslivet og ein treg bustadmarknad meiner sentralbanken at amerikansk økonomi viser stor motstandskraft og uthald.

Banken anslår at det blir tre renteaukingar i 2019.

(©NPK)