Minst 13 drepne av bilbombe i Mosul

Minst 13 sivile vart drepne då ei bilbombe eksploderte i Mosul i Irak torsdag. Det var det første angrepet i sitt slag sidan IS vart jaga ut av byen i fjor.
utenriks

Minst 23 menneske vart også såra i angrepet, som skjedde nær ein restaurant vest i Iraks nest største by, opplyser ein talsmann for tryggingsstyrkane.

Ifølgje vitne på staden er restauranten populær blant tryggingsstyrkar.

Ekstremistgruppa IS tok i 2014 kontrollen over Mosul, men i juli i fjor tok irakiske regjeringsstyrkar byen tilbake.

Ingen har så langt tatt på seg ansvaret for bomba torsdag, men IS har gjennomført fleire mindre angrep rundt om i Irak den siste tida.

(©NPK)