CNN seier Trumps angrep på pressa er farlege og uamerikanske

Ordkrigen mellom CNN og president Donald Trump er trappa opp. Påstanden om fysisk maktbruk frå ein CNN-journalist blir avvist på det sterkaste.
utenriks

Den oppsiktsvekkjande sekvensen der presidenten skjeller ut ein CNN-reporter på pressekonferanse i Det kvite hus onsdag, går verda rundt. No blir det utkjempa ein verbal krig om det som skjedde umiddelbart etterpå.

Ein medhjelpar i presseavdelinga i Det kvite hus prøver å ta frå CNN-reporter Jim Acosta mikrofonen, men han vrir seg unna og vil fortsette utspørjinga av Trump.

No blir dette framstilt av pressetalskvinne Sarah Huckabee Sanders som om Acosta brukte fysisk makt mot ei «ung kvinne som berre prøvde å gjere jobben sin som praktikant i Det kvite hus». – Dette er fullstendig uakseptabelt, seier Sanders.

Acosta har fått akkrediteringa si til Det kvite hus trekt tilbake, noko CNNs sjefar reagerer kraftig mot. Dei støttar reporteren sin fullt og heilt.

– USA fortener betre

– Dette er ei gjengjelding for Acostas kritiske spørsmål. Sanders set fram feilaktige skuldingar og lyg om handlingane hans. Ho viser til ei handling som aldri skjedde. Avgjerda om å trekke Acostas akkreditering er utan sidestykke og ein trussel mot vårt demokrati. Landet fortener betre, heiter det i ei fråsegn.

Pressekonferansen etter mellomvalet markerer eit absolutt lågmål i forholdet mellom presidenten og pressa.

– Urovekkjande

CNN seier at angrepa på pressa har gått for langt. Nyheitskanalen meiner dei ikkje berre er farlege, men viser ein urovekkjande uamerikansk måte å reagere på.

Presseforeininga for medium akkrediterte til Det kvite hus seier i ei fråsegn at det er ein reaksjon utanfor alle proporsjon å straffe ein reporter på denne måten. Foreininga ber administrasjonen om straks å omgjere «denne svakt grunngjevne og feilaktige handlinga».

(©NPK)