Singapore Airlines opnar opp att den lengste flyruta i verda

Flyselskapet Singapore Airlines starta torsdag opp att den lengste direkte flyruta i verda mellom Singapore og New York.
utenriks

Med sine 16.700 kilometer og nesten 19 timar blir flyreisa igjen den lengste direkte flyruta i verda både i distanse og tid.

Singapore Airlines hadde direkterute til New York fram til 2013, men konkluderte då med at ruta ikkje lenger lønte seg. No har altså selskapet komme på andre tankar.

Flyturen overtar tittelen som den lengste i verda frå flyselskapet Qatar Airways' rute frå Doha i Qatar til Aukland i New Zealand. Den er på litt over 14.500 kilometer og tar om lag 17 og ein halv time.

Det første flyet på den nye ruta frå Singapore til New York letta torsdag klokka 23.45 lokal tid. Planen er at Singapore Airlines skal fly ruta dagleg frå og med 18. oktober.

Singapore Airlines ønsker også på sikt å opne direkte ruter til Los Angeles og San Francisco.

(©NPK)