Romfararar overlevde dramatisk nødlanding

Ein russisk og ein amerikansk romfarar måtte gjennomføre ei nødlanding kort tid etter oppskyting frå Kasakhstan torsdag. Begge har det etter forholda bra.
utenriks

Dei to romfararane skulle til den internasjonale romstasjonen (ISS) og gjennomføre reparasjonar, men Sojuz-raketten fekk problem kort tid etter oppskytinga frå Bajkonur-basen i Kasakhstan.

Etter ei seks timer lang reise til romstasjonen skulle den amerikanske astronauten Nick Hague og den russiske kosmonauten Aleksej Ovtsjinin etter planen vere eit halvt år i rommet, men turen vart avbroten etter berre få minutt.

Ein motorfeil i ein startrakett førte til at dei to måtte gjennomføre ei nødlanding, noko som ifølgje den russiske romfartsorganisasjonen Roskosmos gjekk bra.

– Nødredningssystemet verka, fartøyet var i stand til å lande i Kasakhstan, mannskapet er i live, skriv dei på Twitter.

Funne

NASA opplyser at redningsarbeidarar nådde fram til dei to romfararane og henta dei ut av kapselen dei var i torsdag ettermiddag. Begge slapp uskadde frå det.

Kapselen vart funnen om lag 20 kilometer aust for byen Dzjezkazgan i Kasakhstan, rundt 450 kilometer unna Bajkonur.

Hague skulle på sitt første oppdrag i verdsrommet, mens Ovtsjinin har budd seks månader på ISS tidlegare.

Stoppar operasjonar

Roskosmos-sjef Dmitrij Rogozin, som observerte Sojuz-oppskytinga saman med NASAs Jim Bridenstine, seier det er oppretta eit panel som skal granske motorfeilen som førte til nødlandinga torsdag.

I mellomtida vil Russland mellombels stoppe all oppskyting av bemanna romfartøy, opplyser visestatsminister Jurij Borisov.

Etter at den amerikanske flåten av romferjer vart pensjonert, har Sojuz vore det einaste fartøyet som har frakta astronautar og kosmonautar til og frå ISS.

Russland vil likevel truleg miste dette monopolet når SpaceX-fartøyet Dragon v2 og Boeing Starliner er bygde ferdig.



(©NPK)