Kina forsvarer bruk av «omskoleringsleirar» i Xinjiang

Kinesiske styresmakter seier interneringsleirane i Xinjiang nordvest i landet er nødvendig for å kjempe mot terrorisme. Amnesty krev at kong Harald protesterer.
utenriks

Det blir rekna med at opp mot ein million muslimske uigurar i Xinjiang-provinsen er internert i leirane. Ifølgje ein Amnesty-rapport nyleg skal dei internerte bli utsette for mishandling og tortur, og mange skal vera skulda for å vera ekstremistar på svært tynt grunnlag og utan dom.

Ein talsmann for det kinesiske utanriksdepartementet, Lu Kang, forsvarte torsdag leirane.

– Det å ta slike grep for å hindre og kjempe mot terrorisme og ekstremisme har i stor grad sytt for sosial stabilitet i Xinjiang og har sikra levebrødet til menneske av alle etniske grupper i Xinjinang, sa Kang.

Han la til at interneringspolitikken har solid støtte i eit fleirtal av folket i Xinjiang.

Etter opphavleg å ha nekta for at desse leirane eksisterer, endra Kina denne veka lovgjevinga, slik at ho tillèt opprettinga av leirar for «yrkesopplæring og trening (…)for å utdanna og endra dei som har vore påverka av ekstremisme».

Ifølgje menneskerettsorganisasjonar har nærmare ein million uigurar, ein muslimsk og tyrkisktalande minoritet i landet, blitt internerte i leirane dei siste åra, der dei blir opplært i kommunistpropaganda og tvinga til å ta avstand frå religionen og kulturen sin. FN har bede Kina om å setja fri dei internerte og kallar leirane for «soner utan rettar».

Amnesty Noreg har kravd at kong Harald og regjeringa tek opp situasjonen i Xinjiang-provinsen når dei denne veka er på offisielt statsbesøk i Kina.

(©NPK)