Trump signerer ordre som opnar for straffetiltak for valinnblanding

USAs president Donald Trump har underteikna ein presidentordre som opnar for straffetiltak mot utlendingar som forstyrrar val i USA.
utenriks

Amerikanske styresmakter meiner Russland under presidentvalet i 2016 dreiv ein omfattande kampanje for å påverka amerikansk opinion.

Denne hausten er valkampen i gang igjen før mellomvalet i november, der ei rekkje kongressmedlemmer er på val.

– Vi har sett teikn til at ikkje berre Russland, men Kina og kanskje Iran og også Nord-Korea blandar seg inn i opptakten til valet 6. november, seier USAs nasjonale etterretningssjef Dan Coats.

(©NPK)