Indisk seriemordar innrømmer 33 drap

Ein 48 år gammal mann som er arrestert i India, innrømmer 33 drap på lastebilsjåførar og hjelparane deira. Mannen skal ha plyndra lasta og selt bilane.
utenriks

Mannen, som er skreddar, blei arrestert i nærleiken av Bhopal i delstaten Madhya Pradesh i sist veke, opplyser talsmann for politiet, Rahul Kumar Lodha, onsdag.

– I avhøyr har mannen tilstått å ha drepe 33 personar langs vegane i delstaten sidan 2008. Vi har verifisert opplysningane, seier Lodha, som legg til at politiet dermed har teke ein «notorisk seriemordar».

Politiet kom på sporet av mannen då dei etterforska drapet på ein lastebilsjåfør i august. Sju menn som blei arrestert i saka, forklarte då til politiet at dei hadde hjelpt mannen med liknande ran tidlegare.

Politiet seier at den mistenkte blei kjend med sjåførane på serveringsstader langs vegen, og at han deretter dopa dei ned ved å hella eit bedøvande middel i drikken deira. Deretter skal han ha køyrt til aude stader og teke livet av dei.

Den mistenkte mannen har kone og to barn, opplyser Lodha.

Arrestasjonen har sjokkert venner og slektningar, som omtalar han som ein roleg og vennleg mann, fortel Times of India.

Ein medtiltalt i saka har ifølgje avisa sagt til politiet at den mistenkte lo når han blei spurt om kvifor han drap offera sine.

– Dei lever harde liv. Eg set dei fri, frigjev dei frå smerta, skal han ha sagt, ifølgje den medtiltalte.

Ifølgje indiske medium kan mannen vera ein av dei mest dødelege seriemordarane i India sidan Raman Raghav drap 42 personar i Mumbai på 60-talet.

(©NPK)