Fiskeriministeren møtt av brexitnervøsitet i London

Stor uvisse pregar britane i brexitinnspurten, fortel Harald Tom Nesvik (Frp) etter det første besøket sitt i London som fiskeriminister.
utenriks

– Det er stor uvisse og nervøsitet her om kva som blir sluttresultatet, seier Nesvik på telefon til NTB.

Han møtte fiskeriminister George Eustice og ekspertar frå både tankesmier og næringsliv under besøket i den britiske hovudstaden onsdag.

EUs sjefforhandlar Michel Barnier har sagt at han har håp om å få på plass ein skilsmisseavtale med Storbritannia innan seks til åtte veker. Det er eit håp også britane deler, men det store usikre moment om avtalen vil overleva når han kjem opp til avstemming i Parlamentet, fortel Nesvik.

Den britiske regjeringa har så langt hatt store problem med å meisla ut ein posisjon som fleirtalet i Parlamentet kan samla seg bak.

Nesvik seier han har tru på ein god avtale til slutt. Men blir utfallet eit «no deal»-scenario der Storbritannia i første omgang ryk ut av EU utan å ha nokon avtale på plass, vil også Noreg bli ramma, åtvarar han.

– Frå vår side har vi vore veldig nøye med å peika på at konsekvensane av brexit er viktige også for Noreg. Både EU og Storbritannia er viktige marknader for oss, seier fiskeriministeren.

(©NPK)