Bil køyrde inn i folkemengde i Kina

Minst ni menneske døydde og 46 blei skadde då ein bil køyrde inn i ei folkemengd i ein by i Kina onsdag, ifølgje lokale tenestemenn.
utenriks

Føraren av bilen er arrestert, opplyser styresmaktene i byen Hengdong i Hunan-provinsen.

Ifølgje politiet skal det dreia seg om ein 54 år gammal mann frå staden. Styresmaktene opplyser at han har eit langt kriminelt rulleblad og at han no blir mistenkt for å ha køyrt ned folk med vilje. Det blir ikkje nemnt noko om motiv.

Dei opplyser at saka blir etterforska, utan å gå i nærmare detalj.

Bilete delt i sosiale medium som skal vera tekne på åstaden, viser ein raud SUV med skadar på støytfangaren. Film av hendinga sirkulerte ei kort stund på nettet, men blei raskt fjerna.

(©NPK)