Frankrike skuldar Russland for satellitt-spionasje

Ein russisk satellitt prøvde i fjor å spionere på ein fransk militærsatellitt, ifølgje Frankrikes forsvarsminister Florence Parly.
utenriks

Den russiske satellitten skal vere kjent for den avanserte teknologien som kan brukast til avlytting. Evnene han har, er «godt kjente, men litt indiskrete», og han «kom nær, litt for nær», uttalte Parly fredag under eit besøk ved det franske romfartsbyrået (CNES) i Toulouse.

– Han kom så nær at vi kunne ha trudd han ville avlytte kommunikasjonen vår. Det å avlytte naboane dine er ikkje berre uvennleg; det er spionasje, sa ho.

Parly seier at dei franske romfartsstyresmaktene sette i verk «nødvendige tiltak» og heldt fram overvakinga av satellitten etter at han hadde floge forbi den franske. Ekspertane observerte at den russiske satellitten manøvrerte nær andre satellittar òg, sa statsråden. Denne «vesle Star Wars»-episoden fann stad i fjor, sa ho.

Førre månad skulda USA Moskva for å utvikle antisatellittvåpen og viste til «svært unormal åtferd» av eit «romobjekt» som Russland hadde sendt opp i oktober i fjor.

– Vi er godt orienterte om at andre storspelarar i rommet sender interessante objekt i bane rundt jorda, eksperimenterer med potensielle offensive evner og gjer manøvrar som gjer det heilt klart at føremålet er aggressivt, sa Parly.

Satellitten Olymp-K, som det russiske romfartsbyrået Roskosmos kallar Luch, er bygd på oppdrag frå det russiske forsvarsdepartementet og den føderale tryggleikstenesta FSB. Satellitten vart skoten opp i 2014.

(©NPK)