Stort fleirtal i Tyskland vil føre inn att verneplikt eller sivilteneste

Over to tredeler av tyskarane ønskjer å føre inn att verneplikt eller sivilteneste for unge, ifølgje ei ny meiningsmåling.
utenriks

Førstegongstenesta blei avskaffa i Tyskland i 2011, då regjeringa avgjorde å profesjonalisere militæret.

No svarer derimot 68 prosent i ei ny meiningsmåling utført for kringkastaren ZDF, at dei ønskjer å føre inn att eit system med verneplikt eller sivilteneste.

Det konservative partiet til statsminister Angela Merkel CDU sa i førre veke at å føre inn att verneplikta kan vere aktuelt.

(©NPK)