Mange drepne i Taliban-angrep på provinshovudstad i Afghanistan

Om lag tusen Taliban-opprørarar har angripe byen Ghazni aust i Afghanistan, ifølgje afghanske tenestemenn. Over 100 opprørarar skal vere drepne eller såra.
utenriks

Angrepet starta seint torsdag kveld, og innbyggjarar opplyser fredag ettermiddag at det framleis blir høyrt skyting i byen. Ein talsperson for lokale styresmakter, Nasir Ahmad Fakiri, hevdar derimot at angrepet er slått tilbake.

Ghazni er hovudstad i provinsen med same namn og ligg rundt 150 kilometer sørvest for Kabul. Ifølgje leiaren ved sjukehuset i byen, Baz Mohammad Hemat, er 14 medlemmer av sikkerheitsstyrkane drepne og 20 såra i kampane om byen.

To sivile er også såra, men sjukehuset tar ikkje lenger sjansen på å sende ut ambulansar, fortel han.

Motstridande meldingar

Over hundre andre er drepne eller såra, men det er framleis uklart kor mange av dei som er høvesvis Taliban-krigarar, regjeringsstyrkar og sivile, opplyser provinsens politisjef Ahmad Mashal.

Han seier dei fleste av dei drepne og såra er Taliban-krigarar.

Det afghanske forsvarsdepartementet har samtidig komme med ein utsegn der det blir hevda at 150 opprørarar er drepne eller såra.

Taliban-talsmann Zabiullah Mujahid hevdar på si side at dei no kontrollerer delar av Ghazni. Han hevdar at minst 140 personar er drepne av opprørarane, og at Taliban berre har mista tre menn i kampane.

Taliban hevdar også å ha skote ned eit helikopter. Det afghanske forsvarsdepartementet opplyser at eit militært helikopter styrta under kampane fredag, og at fire soldatar om bord blei skadde, men seier det er uklart om det blei skote ned eller styrta av andre årsaker.

Amerikanske luftangrep

Talsperson Nasir Ahmad Fakiri opplyser at Taliban angreip byen frå fleire kantar. Ikkje namngitte afghanske tenestemenn fortel til DPA at om lag tusen Taliban-opprørarar deltok i angrepet.

Dei amerikanske styrkane i Afghanistan stadfestar i ei kunngjering at dei afghanske styrkane i Ghazni har fått luftstøtte frå fly og dronar.

– Dei afghanske styrkane forsvarte områda sine og beheldt kontroll over alle offentlege bygningar. Dette var nok eit mislukka forsøk frå Taliban på å erobre terreng, heiter det i ei kunngjering.

– Posisjonerer seg

Angrepet på Ghazni er det seinaste i ei rekke Taliban-angrep i Afghanistan den siste tida.

Forskar Kristian Berg Harpviken meiner Taliban posisjonerer seg for moglege fredsforhandlingar med USA.

– Vi er heilt tydeleg vitne til ein offensiv frå Taliban, seier Harpviken til NTB.

I juli melde fleire medium at den amerikanske toppdiplomaten Alice Wells hadde hatt samtaler med Taliban-utsendingar i Qatar. Harpviken meiner det no er langt meir reelle utsikter til fredsforhandlingar mellom USA og Taliban enn før.

– Den brutale verkelegheita er at når utsiktene til samtalar blir meir reelle, trappar partane opp krigføringa med mål om sikre seg ein sterkare posisjon ved forhandlingsbordet. Dette er nok ein vesentleg del av det vi no ser, seier Harpviken.

(©NPK)